Psykiske problem/lidingar kan ramme dei fleste. Rundt halvparten av befolkninga i Norge får ei psykisk liding i løpet av livet. Nokon er arvelig belasta og kan bli sjuke utan at noko spesielt har skjedd. Andre gonger kan kriser som dødsfall og ulukker, eller at man er i ein vanskeleg arbeidssituasjon eller ein familiesituasjon, gjere at man blir sjuk. I mange tilfeller er årsakene også uvisse.

Du kan få hjelp
Psykiske plager kan vere alt frå lettare depresjonar og uro, til alvorlege psykosar som gjer at du mister kontakt med verkeligheita. Får du hjelp tidleg, er sjansen større for at du blir betre. Ta difor kontakt med lege, helsestasjon eller anna helsepersonell som kan hjelpe deg.

Psykisk helsearbeid
Kommunen skal gje behandling og støtte til personar som har psykiske problem. Psykisk helsearbeid kan omfatte hjelp og støtte til å skaffe seg eigen bustad, bistand til arbeid og utdanning, ulike aktivitetstilbod og økonomisk rettleiing, i tillegg til ulike behandlingsopplegg.

Hvis du er alvorleg bekymra for ein ven, kan du ringe vedkomande sin fastlege – eventuelt din egen fastlege hvis du ikkje får vete kven som er fastlegen til din ven. Hvis det er utanom vanleg kontortid, kan du ringe næraste legevakt. Forklar situasjonen og at du er alvorleg bekymra. Legen har plikt til å gje augeblikkeleg hjelp, og kan også vedta ein tvungen undersøking hvis det er nødvendig. Legen vil også kunne kontakte spesialisthelsetenesta hvis det er behov for det.

Fastlegen
Dei fleste med psykiske lidingar blir behandla hos fastlegen sin. Legen kan tilby behandling for lette og moderate psykiske lidingar – både ved hjelp av samtalebehandling og medisinar.

Legevakten
Dersom du treng hjelp, men ikkje får tak i fastlegen din, kan du kontakte legevakten. Legevakten tar seg spesielt av akutte skader, sjukdommar og problem. Telefon  til Gulen legevakt er 57 83 01 08.