Lav terskel tilbod

  • Psykisk helsehjelp er eit gratis tilbod i kommunen som er tilgjengeleg for alle
  • Direkte hjelp utan henvising, venting og lang sakshandsaming
  • Sette i verk tidlige og konkrete tiltak, samt vere «los» vidare i systemet for bruker, pårørande, familie, nettverk og lokalmiljø
  • Personell med kompetanse til å oppfylle tenesta sitt formål
  • Telefonisk opningstid frå 8.00- 15.30
  • Brukarmedverknad og aksept for brukarens ynskjer og behov

 

 

Kva kan vi hjelpe deg med?

Tenesta gjev hjelp til heimebuande med psykiske lidingar. Hjelpa kan gjevast i heimen eller på kontoret. Det kan være hjelp til:

  • Støttesamtale og omsorg i ei vanskeleg tid
  • Råd og retteleiing både til den sjuke og til pårørande
  • Praktiske gjeremål og meistring av kvardagen reint praktisk
  • Hjelpe med å skrive søknader, henvise til rett instans i hjelpeapparatet og utarbeiding av Individuell plan

Kvalitetsmål for tenesta:

Psykisk helsearbeid skal bidra til god livskvalitet for brukaren. Arbeidet skal fremme sjølvstendigheit og mestring av eige liv samt bidra til god samordning av tilboda til den enkelte.

Kvar finn du oss?

Psykisk helse har midlertidig kontor på kommunehuset i Eivindvik. Frå sommaren 2018 vil kontoret være i same bygg som legekontoret.

Korleis ta kontakt?

Du kan sjølv ringe og gjere ein avtale eller få anna helsepersonell til å hjelpe deg. Dersom du synes det er vanskelig å ringe kan du sende ein SMS og vi kontaktar deg.

Psykisk helsevern har tett samarbeid med heimesjukepleie, fastlege, spesialisthelsetjeneste, NAV m.m.

Vi er her for å hjelpe DEG. Ta gjerne kontakt!

Fagleiar psykisk helse,

spl. Anne Karin D. Haveland, kontortelefon 57782072 eller mobil 40401049

e-post: anne.karin.haveland@gulen.kommune.no

Einingsleiar

Elizabeth Høydal, kontortelefon 57782065

e-post: elizabeth.hoydal@gulen.kommune.no