Dei som søkjer innan fristen og har krav på redusert foreldrebetaling, får fastsett eigne takster gjeldande frå 1. august 2018. Det er lov å søkje seinare og, men då vil dei nye takstane gjelde frå månaden etter vedtaket er gjort.

Ordningar det kan søkast om:

  1. Redusert foreldrebetaling
    Makspris for første barn i 2018 er 2910 kroner pr. mnd., 32 010 kr pr. år. Dette skal maksimalt utgjere 6% husstanden si inntekt og grensa for hustandsinntekt vert såleis 533 500 kroner. Husstandar med lågare inntekt enn dette får berekna eigne betalingssatsar for barnehageåret med utgangspunkt i samla inntekt for husstanden i 2017. Dokumentasjon er innsend sjølvmelding (skattemelding) for 2017.
     
  2. Gratis kjernetid
    Husstandar med samla inntekt i 2017 mindre enn 533 500 kroner (frå 01.08.2018), har rett på 20 timar gratis kjernetid i barnehagen for 3-, 4- og 5 åringar og barn med utsett skulestart.


Send søknaden til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, og legg ved husstanden sine sjølvmeldingar (skattemeldingar) for 2017. Kommunen har ikkje eigne søknadsskjema for dette. Har de spørsmål til ordningane, kan de kontakte:

Kommunalsjef oppvekst Jan-Ove Einebærholm

Tlf. 57 78 20 05