Generelt om reguleringsplanar

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande avgjersler som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader.

Kommunestyret skal syte for at det vert utarbeidd reguleringsplan for dei områda i kommunen der dette følgjer av lova eller av kommuneplanen sin arealdel, samt der det elles er behov for å sikre forsvarleg planavklaring og gjennomføring av bygge- og anleggstiltak, fleirbruk og vern i forhold til utsette private og offentlige interesser.

For gjennomføring av større bygge- og anleggstiltak og andre tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, er det krav om reguleringsplan. Løyve etter § 20–1, jf. § 21–4 for slike tiltak, kan ikkje verte gjeve før det føreligg reguleringsplan. Krav til reguleringsplan gjeld ikkje for konsesjonspliktige anlegg for produksjon av energi etter energilova, vannressurslova eller vassdragsreguleringslova.

Reguleringsplan kan utarbeidast som områderegulering, jf. § 12–2, eller detaljregulering, jf. § 12–3.

Reguleringsplan kan utarbeidast i sammanheng med kommuneplanen sin arealdel eller som eigen planprosess.

Sjå gjeldande planar for Gulen kommune på heimesida frå Kartverket: www.seplan.no (Norge Digitalt)

Områderegulering

Områderegulering brukast av kommunen der det er krav om slik plan i kommuneplanen sin arealdel, eller kommunen finn at det er trong for å gje meir detaljerte områdevise avklaringar av arealbruk.

Detaljregulering

Detaljregulering brukast for å følgje opp kommuneplanen sin arealdel og eventuelt etter krav fastsett i ei vedtatt områderegulering. Detaljregulering kan skje som utfylling eller endring av vedteken reguleringsplan.

Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å fremme forslag til detaljregulering, herunder utfyllande regulering, for konkrete bygge- og anleggstiltak og arealendringar, og til å få kommunen si behandling av og standpunkt til reguleringsspørsmålet som vert tatt opp i det private forslaget.

Private forslag må innhaldsmessig følge opp hovudtrekk og rammer i kommuneplanen sin arealdel og føreliggande områdereguleringar. Ved vesentlege avvik gjeld krava i § 4-2 andre ledd.

Reguleringsplan skal utarbeidast av fagkyndige.

Startpakke

Samarbeidsgruppe i Nordhordland og Gulen har lagra startpakke for private reguleringsplanar. På heimeside www.dibk.no finn du nærare opplysingar om planar, utbygging, byggesøk, osv.

Klikk her for å få tilgang til startpakke...

ROS vurdering for detaljplanar

Kommunen har utarbeidd ROS rettleiar for bruk i utarbeiding av planforslag.

les meir om rettleairen i artikkel...

Ofte stilte spørsmål om reguleringsplanar

Nyttige lenker

www.dibk.no
(opplysingar om plan og bygningslova i samband med planprosessen for planar, utbygging, søknader, løyver, dispensasjoner, osv.)

www.nordhordlandskart.no eller sjå NYTT kartportal www.NHkart.no
(nærare opplysinger om kart)

www.fylkesatlas.no
(nærare kartopplysingar med ulike tema i samband med plankartarbeid)

www.geoweb.no/braplan/
(nærare opplysingar om alle registrerte planar innan Gulen kommunen sitt ‘planregisteret’)
Geoweb Braplan løysinga er dessverre ute av drift. Nordhordland Digital jobbar med ei ny løysing via Nordhordlandskart.