Gulen i gammal og ny tid

Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga I-III

Arbeidet med 2. og reviderte utgåve av bygdebøkene for Gulen tok til som eit kommunalt prosjekt i mai 1995. Gulen kultursogenemnd var styringsgruppe for prosjektet - med Andreas Grinde som leiar. Det nye tilfanget spenner over eit tidsrom på om lag 30 år og bøkene kom ut i 1996. Mange bilete er komt med, dei fleste frå kommunen sitt fotoarkiv. 

Forfattar: Ivar Kleiva
År: 1996 , 3 bind
Pris per bok kr 500 ,-
Pris for 3 bind kr 1 000 ,-

Brekke sokn: Tun og ætt

Ei vidareføring av gards- og ættesoga i Brekke herred.

Forfattar: Brekke Sogelag v/ Bjarne Dåe
År: 2003
Pris kr 550 ,-

Gulatinget

Gulatinget

Denne boka fortel historia om Gulatinget og Gulatingslova i vikingtid og tidleg mellomalder. Ho er samstundes ein kulturhistorisk vegvisar til dei to tingstadene Eivindvik og Flolid. Boka er rikt illustrert med foto og kart.

Forfattar: Siri Ingvaldsen
År: 2011
Språk: norsk eller engelsk
Pris kr 268 ,-

Gulatinget og lova

Gulatinget og Gulatingslova

I boka skriv forfattaren, professor Knut Heile, om Gulatinget frå Harald Hårfagre sine dagar og fram til omkring 1300 då tinget vart flytt frå Gulen til Bergen. Han ser tinget som ein møtestad mellom det vestnorske bondesamfunnet og dei to offent­lege maktene -  kongedømet og kyrkja - som søkte å organisere samfunnet under seg i mellomalderen.

Forfattar: Knut Helle
År: 2001
Pris kr 350 ,-

Tjuvar, drapsmenn

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Ei fagbok om Gulatinget - tilpassa born.I boka følgjer vi vikingguten Arne og venen hans trelen Hallstein på garden ein stad i Sogn kring år 995 e.Kr. Gjennom boka syner forfattaren korleis Gulatingslova greip inn i dagleglivet, og fleire stada finn ein sitat frå lova. Arne får til sist vere med faren på Gulatinget, og vi får følgje guten på den spennande ferda til tings.

Forfattar: Ole Røsholdt. Ilustrert av Trond Bredesen
År: 2009
Pris kr 270 ,-

Mons breidvik

Vestlandskunstnaren Mons Breidvik

Denne boka er den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881-1950), ein markant vestlandskunstnar som ikkje bør gløymast

Forfattar: Reidar Storaas
År: 2000
Pris kr 248 ,-

 

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Turkart for Gulen - Kystarven

Kartet er utgitt i 2013 og inneheld 20 merka stiar. Stiane er rydda og merka av idrettslag og grendalag i kommunen. Arbeidet er støtta og koordinert av kommunen.
Pris kr 150 ,-

 

 

Bestillingsinformasjon

Alle bøkene og turkartet ligg for sal i ekspedisjonen på kommunehuset. Du kan i tillegg tinge via telefon eller epost.

Ta kontakt på tlf. 57 78 20 00 eller e-post postmottak@gulen.kommune.no