Føremålet er å møte framtidas utfordringar på ein ny måte, og den sett krav til kommunane i form av nye lover med plikter som dei må oppfylle. Intensjonen er at kommunane frå no og framover må ta meir ansvar for eigne innbyggjarar. Førebygging skal hindre sjukdom og utsette behovet for hjelp frå det offentlige. Fokus på folkehelse vert derfor viktig. Samtidig må kommunane ta meir ansvar for pasientar i heile sjukdomsforløpet med tilbod før, i staden for og etter sjukehusopphald.

Pasientmedverknad og samhandling mellom ulike aktørar er viktig for at pasientforløpet skal fungere best mogleg. Det er kommunane sjølv som må avgjere korleis dei skal løyse krava i framtida. Små kommunar vil ofte ikkje klare å oppfylle lovens intensjonar aleine, dei må samarbeide med andre kommunar for å opprette tilbod for sine innbyggjarar. 

Innføring av Samhandlingsreforma

Reforma vert innført trinnvis. Første del vart innført 01. januar 2012 med krav om at kommunane har ansvar for tilbod til alle utskrivingsklare pasientar frå sjukehus. Neste steg vert innføring av eit nytt landsdekkande legevaktnummer 116 117, og ansvar for øyeblikkeleg hjelp senger for pasientar frå 01. januar 2016. Her er vi i forkant og vil etter planen starte opp dette tilbodet hausten 2013.

Klikk her for informasjon om situasjonen i kommunen våren 2013....

Klikk her for nyttige nettstadar om Samhandlingsreforma...