Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Samliv

 

Ekteskap

Før ein giftar seg så må ein sende inn ein del papir til skatteetaten slik at dei kan sjekke at ein oppfyll vilkåra for å inngå ekteskap. Handsamingstida er 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Sambuarskap

Det er inga generell likebehandling av sambuarar og ektefellar i lovverket. Sambuarar blir behandla som ektefellar på einskilde område og som einslege på andre.

Separasjon og skilsmisse

Ein ektefelle som ikkje ynskjer å fortsetje samlivet kan søkje fylkesmannen om separasjon. Etter eitt års separasjonstid, kan kvar av partane søkje fylkesmannen om skilsmisse. Ektefellar som flyttar frå kvarandre utan å vere separert, kan søkje fylkesmannen om skilsmisse to år etter samlivsbrotet. 

Familievern

Familievernkontoret gir deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German