Sjølv om foreldra ikkje maktar å ha omsorgen, kan det vere verdifullt for barnet å ha kontakt med sin biologiske familie. Barnevernet kan bestemme at andre enn foreldra òg skal ha rett til samvære.

Saksbehandling

Den kommunale barneverntenesta utarbeider forslag til vedtak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, som er statleg, avgjer saka. Fylkesnemnda er eit domstolliknande organ og blir leia av ein jurist. Nemnda er elles samansett av sakkunnige og lekfolk.

Nyttig informasjon