Du må kunne sannsynleggjere at du har tilstrekkelige kunnskapar og erfaring for dei delane av byggjetiltaket du ønskjer å gjere sjølv. Godkjenning som sjølvbyggjar er ikkje til hinder for at du får hjelp av fagkyndige medhjelparar eller eit firma, men du vil sjølv vere ansvarleg for at plan- og bygningslova med underliggjande regelverk blir følgt innanfor godkjenningsområdet ditt.

Personleg godkjenning kan ein gje for funksjonane ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande. Du kan berre få godkjenning som sjølvbyggjar for arbeid av låg kompleksitet og vanskegrad (tiltaksklasse 1). Det mest vanlege er at du blir godkjend som ansvarleg utførande for heile eller delar av arbeidet, medan du har hjelp av eit firma til å søkje og prosjektere tiltaket.

For dei tiltaka der lova stiller krav om kontroll, må kontroll gjennomførast av eit uavhengig føretak.

Kontakt

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar. Då får du òg meir informasjon om kva kompetanse som blir kravd for å få godkjent ansvarsrett som søkjar, prosjekterande og utførande. Om du berre ønskjer å bli godkjend som ansvarleg utførande (som er det mest vanlege), må du også ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen som er knytt til sjølve byggjetiltaket.
Telefon 57 78 20 00.

Gebyr

For kommunen sine teneste skal det betalast gebyr i samsvar med satsane og retningslinjene i gebyrregulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslegen.
Klikk her for oversikt over gebyrregulativet til gulen kommune…

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket.

Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen blir overskriden.

Har det ikkje komme nokre merknader frå naboar/gjenbuarar og uttalar frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, blir løyvet rekna for gjeve under føresetnad av at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.

Klagerett

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.