Målgruppe

Føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune fell utanfor ordninga, med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med.

Søknaden skal innehalde

  • Skildring av tiltaket og framtidig bruk
  • Kostnadsoverslag frå fagperson
  • Bilete eller anna dokumentasjon på dagens situasjon
  • Miljøplan trinn 2 (for føretak som søkjer produksjonstilskot)
  • Søknaden skal skrivast på søknadsskjemaet SLF-430 
    Klikk her for søknadsskjema...

Saksbehandling

Gulen får kvart år ei tildeling frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som kommunen sjølv disponerar. Alle som eig ein landbrukseigedom – eller som har fått løyve frå eigar, kan søkje om SMIL-midlar. Søknadane vert prioriterte etter den kommunale tiltaksstrategien for desse midlane. Strategien seier òg noko om kor mykje tilskotet kan utgjere av totalt kostnadsoverslag. Maksimal tilskotsdel er 50%. I enkelte høve med mange gode søknader, kan søknader avslåast. Typiske tiltak som kan utløyse SMIL-midlar er beiterydding og skjøtsel og restaurering av kulturlandskap og kulturminne.

Når tiltaket er gjennomført, skal kommunen kontaktast for ferdiggodkjenning og utbetaling. Ein skal då kunne dokumentere kostnadane. Det er òg mogeleg å få utbetalt tilskot undervegs i tiltaket. 
Klikk her for skjema.....

Klagerett

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.