Generell informasjon om handsaming av personopplysningar

I dei fleste søknadsskjema må du gi opp ulike typar personopplysningar. Kommunen treng desse opplysningane for å kunne behandle søknaden din så korrekt som mogeleg.

Det er frivillig å gi frå seg personopplysningar, men søknaden din kan ikkje handsamast utan slike opplysningar. Nokre skjema har rubrikk for avkryssing/underskrift om at du samtykkjer i at personopplysningar vert behandla og/eller henta inn frå andre.

Gulen kommune ved rådmannen er ansvarleg for at personopplysningane vert handsama i tråd med lov og regelverk. Alle tilsette i kommunen som får tilgang til opplysningane, er underlagt teieplikt.

Kommunen er også underlagt Offentleglova, som krev at nokre personopplysningar vert gjort offentleg kjend, til dømes kven som søkjer på stillingar.

Du har rett til innsyn i kva opplysningar kommunen har om deg i ulike register, j.fr personopplysningslova. Klikk her for å lese meir...

Bustad og eigedom

Omsorg, trygd og sosiale tenester