Synfaringane på hus- og hytteeigedomane startar no i mai månad med dei lågaste gnr. først, og me reknar med at dette arbeidet vil fortsette ut året. Næringseigedomane blir tekne seinare i haust.

Det blir berre ei ytre synfaring for å eventuelt avdekke bygg som vi tidlegare har oversett. Dersom du som eigar ynskjer å vere med på synfaringane, gje beskjed til kommunen.