God drenering (grøfting) er viktig for å få gode avlingar. Store delar av dyrkajorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gjev dårlege veksttilhøve for plantane og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegere kvalitet. Dårleg drenert jord gjev òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.
Klikk her for meir informasjon om drenering...

Søknad

Saman med søknadsskjemaet må du levere fylgjande vedlegg: Grøfteplan med kart og miljøplan trinn 2 eller tilsvarande miljøinformasjon.
Klikk her for søknadsskjema...

Klagerett

Kommunen gjer vedtak om søknaden. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda i kommunen ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen.