Korleis gjere ei best mogleg sceneframføring – Camilla Haveland

Vil du melde deg på årets UKM bør du ikkje la denne sjansen gå frå deg. Camilla Haveland vil gje deg tips og triks til korleis du kan verte meir trygg på scena og korleis du betre kan nå ut til publikum. Er du litt nervøs for å stå på ei scene? Då kan det vere godt å få øva litt i forkant.

Lyd og lys - Jan Thomas Halsvik

Er du interessert i lyd og lys?
Her får du lært litt grunnleggende om korleis lydanlegget skal setjast opp, korleis det fungerar og korleis ein får lyden til å høres best mogleg ut.
Vi vil også prøve det vi lærer ut i praksis, saman med workshopen for sceneframføring.

Foto og media – Gøril Sætre

Workshopen vil fokusere på korleis ein jobbar innan media under eit arrangement.

  • Kva er viktig å tenkje på når ein skal dekkje eit arrangement
  • Korleis fange stemninga
  • Kommunikasjon
  • Tips til korleis ein sender store filer, jobbe med PR, media
  • Kva kan ein gjere/ oppnå som event fotograf.

Tanken bak workshopen er at de skal få eit innblikk i korleis det er å vere med å lage eit større arrangement. Kven veit, kanskje det er nettopp du som spring rundt og dekkjer UKM og andre arrangement i framtida!

Arrangør – Viggo Randal

Ynskje du å arrangere UKM, festival, diskotek, konserter eller kanskje lage noe heilt nytt? Her får du lært litt om korleis ein kan lage arrangement, korleis vi markedsfører det og korleis vi planlegg det heile frå A Å.

Det vil sjølvsagt bli pauser og litt mat til alle som kjem.
Vel møtt

Påmelding til Vivian Våge, sms 92622607, innan 1. februar.