Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Veg og vegtrafikk

 

Ras Fv 57 Dalsøyra

Stengd veg på Dalsøyra -oppdatert informasjon

Arbeidet med å bygga vegen opp igjen starta på torsdag og vil, dersom det ikkje blir store nedbørsmengder, ha kontinuerlig arbeid fram til denne er ferdigstilt. Det blir bygt ein omkøyringsveg for bilar med totalvekt mindre enn 7500 kg, denne blir ferdigstilt innan måndag klokka 07:00.

Parallelt med arbeidet på omkøyringsvegen blir det og arbeida med den permanente vegen, denne vil bli ferdigstilt innan neste fredag den 24.11 klokka 07:00.

Oppsetting av vegrekkverk

Det var føresett at ein skulle vere ferdig med oppsetting av vegrekkverk på strekninga Eivindvik-Sollibotn og mellom Dinja og Sygnefest og på Byrknes i november. Entreprenøren gjorde seg om lag ferdig på strekninga Dinja –Sygnefest, men deretter reiste han utan at kommunen vart varsla.

Vegvedlikehald

Du kan melde frå til kommunen dersom det er forhold ved ein kommunal veg som svekkjer framkomsten eller trafikktryggleiken. Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German