Hjorteviltregisteret

Hjorteviltregisteret, www.hjorteviltregisteret.no er eit datalager i hjorteviltforvaltninga. TIlgang på informasjon i registeret er open for alle. Gulen kommune registrerer fellingsløyver, fellingsdata, sett hjort, slaktevekter og fallvilt i Hjorteviltregisteret.

Sett og skutt

Side www.settogskutt.no er utvikla for å tilby digital rapportering av Sett hjort og slaktevekter. Jaktledar har ansvaret for utfylling av skjemaet frå sitt jaktfelt. Valdansvarleg kan få tilgang til å redigere data frå alle sine jaktfelt i Hjortviltregisteret. Data blir tilgjengeleg i Hjorteviltregisteret så snart valdansvarleg og/eller kommunen har godkjent registreringane. Ved spørsmål om settogskutt.no kan du ta kontakt per e-post til support@naturdata.no eller per telefon 743 35 310.

Vårteljing av hjort på innmark

I år vart teljinga gjennomført 1. , 22. og 29. april.
Litt varierande resultat på dei ulike teljerutene, men samla resultat talde hjort er det høgaste nokon gong.
Tabell over talde hjort i perioden år 2000 – 2017 kan du sjå under.

Vårteljing

Vi starta med vårteljing av hjort i år 2000, med i alt 11 teljeruter. 

Ein kjører langs tildelt rute, 2 personar i kvar bil. Ved hjelp av lyskastar, lyser ein opp teigen, tel hjorten og noterer dette på vedlagt skjema. I hovudsak fylgjer ein offentleg veg, men i nokre høve vert det naudsynt å kjøyre på private vegar og kanskje inn på tunet til nokre av gardane for å komme til teigen.

Klikk her for å sjå diagram "teljing alle år"...
Klikk her for å sjå tabell...

Ettersøk av skada vilt og handtering av kadaver

Felling av dyr som gjer skade

Merkeprosjektet for hjort 2009-2013

I 2009 vart Gulen kommune  med i Merke og Utviklingsprosjektet for hjort - Hordaland og Sogn. Det vart merka 5 dyr i Gulen, 4 koller og 1 bukk. Dette var eit 5 års prosjekt og vart avslutta 2013.

Sjå også www.hordahjort.no

Forvaltning av hjortebestanden

I 2014 starta det opp eit nytt prosjekt som vidareføre data frå Merkeprosjektet. Prosjektet vert kalla Forvaltning av hjortebestanden 2013-2017.

Viltfondet

Fiskefondet