Vi ber komitèane som ynskjer få sitt program publisert via kommunen si heimeside og facebook-side om å sende inn sitt program innan 10. mai. Programmet sendast på epost til postmottak@gulen.kommune.no
Frå kommunen si side kan vi linke til dykkar eiga heimeside/facebookside dersom de har meir informasjon de ynskjer skal delast. Slik kan de sjølve administrere og oppdatere informasjonen dykkar, og alle vil finne siste nytt ved å følge lenkjene. Send link når de har oppretta arrangementet dykkar.

Årets tale
Gulen kommune arrangerer årets 17. mai tale ved ordførar Hallvard Oppedal. Denne vert lagt ut på nett slik at ein kan fylgje den som ein inngang på den nasjonale samlinga der alle syng nasjonalsongen kl 13:00. Dersom ein er oppteken med sitt kan ein sjå og høyre talen seinare. Nøyaktig tidspunkt for talen vil komme og den vert lagt ut som eit arrangement på facebooksida til Gulen kommune der ein kan delta.

Fotokavalkade
Vidare frå 17. mai-talen vil vi presentere ein fotokavalkade med bileter frå alle grendene i Gulen kommune. Vi ynskjer å presentere heile kommunen, det vil seie at det vert ikkje fleire bileter med same motiv frå kvar plass, men vi ynskjer bilete frå mange plassar. Vi oppfordrar kvar enkelt 17. mai komitè til å samle bileter slik de ynskjer å presentere dykkar grend. Leiar i 17. mai komitèen i kvar bygd samla bildene og sende til vivian.vage@gulen.kommune.no innan 10.mai.
Fint om de legg på ein diskret tekst på biletet som fortel kvar det er. Om nokon ynskjer dronefilm av si bygd må det lagast ein youtube-film som de sender til same epostadresse. Dette må de lage sjølv, og så kan vi publisere linken på kommunen sitt arrangement. Veldig fint om de hengjer opp flagg før fotoshooten slik at vi skapa skikkelig 17. mai-stemning med fotokavalkaden. Slik kan vi samle heile Gulen på ein dag som vi normalt sett ikkje er så samla men oppteken på kvar vår stad.

Viktig informasjon om bruk av bilde og film

  • Den ferdige filmen/fotokavalkaden vert eigd av Gulen kommune og den skal gjerast tilgjengeleg for alle via internett.
  • Vi reknar at innslag som kjem inn, vederlagsfritt kan nyttast i filmen. Det er ikkje aktuelt å nytte bidraga i annan samanheng, utan at det vert gjort særskilt avtale med opphavsmann om dette, jamfør Åndsverklova av 15. juni 2018 nr. 40
  • Vi legg til grunn at personar som måtte vere med i innslaga, er kjende med føremålet, og har samtykka i å vere med. Dersom det er born som kan identifiserast, skal både born og føresette samtykke frå bornet er 13 år, krav i  personopplysningslova av 15. juni 2018 nr. 38

Nasjonalsongen
Heile Noreg oppfordrast til å stemme i med felles nasjonalsong kl 13:00. Bli med!

Så ber vi alle innbyggjarane i kommunen om å skape god stemning i heimane. Kjøp inn isen og brusen som borna ynskjer, ta på finstasen og lag 17. mai middagen heime.

Ta vare på kvarandre!