Ein fritidskontakt har som oppgåve å hjelpe ein annan person til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Nokre ynskjer å ha nokon å gå tur med, køyre bilturar saman med, reise på kino eller berre prate med. Det kan vere folk i alle aldrar med ulike utfordringar som har behov for ein fritidskontakt. Som fritidskontakt vil du få timebetaling for tal timar personen har fått vedtak på. Dette kan vere alt frå ein time i veka eller nokre timar annan kvar veke. Nokre vel å samle timane til å ta seg lenger økter. Dette er noko ein finn ut saman med den ein er fritidskontakt for.

Dersom dette er noko du kunne tenke deg ber vi om at du tar kontakt med underteiknande i Eining Helse, Gulen kommune.


Brita Eidnes, tlf. 90 14 92 84  og Synnøve B. Giil, tlf. 91 10 41 88