Ulike tenester innan drift:

  1. Vaktmeisterteneste har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale bygningar. Vidare yter eininga vaktmeisterteneste for open omsorg (montering og kontroll av hjelpemiddel frå NAV).
  2. Reinhaldsteneste har ansvar for reinhald i kommunale bygningar (utanom institusjonar og kommunalt disponerte bustadar) og har ein stab på 15 reinhaldarar.   
  3. Serviceeiningar yter teneste innan vedlikehald, utbygging og byggeleiing på kommunale bygningar. Her ligg blant anna stilling for handverkar. Vidare yter eininga slåtte- og vaktmeisterteneste til Gulen kyrkjeleg fellesråd og Tusenårsstaden Flolid.
  4. Drift og vedlikehald av vegar med vegvaktar i 40 % stilling. Sommar- og vintervedlikehalde på kommunale vegar vert utført av private kontraktørar.
  5. Administrasjon: Avdelingsleiar drift i 100 % stilling.
 
Resterande kommunaltekniske tenester i Gulen kommune ligg under eining PLT.
 

Leiing:
Avdelingsleiar:
Geir Haveland