Denne løysinga er utvikla av KS og er sikrare og betre enn sending av epost. Vi oppmodar difor alle om å ta i bruk denne sendemåten framover:
Trykk på denne lenka for å sende oss post via eDialog

Fordelane med eDialog er fleire

  • Det viktigaste er sjølvsagt at dette er ein sikker kanal
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendaren
  • Det som sendast inn gjennom eDialog vert motteke direkte i kommunen sitt fagsystem, noko som forbetrar kvalitet, reduserer feilkjelder og reduserer tidsbruk ved postmottak

Slik brukar du eDialog

  1. Trykk på denne lenka for å send oss post via eDialog
  2. Logg inn ved hjelp av ID-porten
  3. Legg inn informasjon i skjemaet og last inn eventuelle vedlegg i form av pfd-filer

Du kan nytte eDialog om du

  • skal sende post med konfidensielle opplysningar
  • skal sende dokument til eksisterande sak
  • skal sende andre dokument til sakshandsaming eller journalføring

Du skal ikkje nytte eDialog om

  • Gulen kommune tilbyr elektronisk skjema til føremålet, til dømes ved søknad på ledig stilling, søknad om barnehageplass og SFO.
  • du har generelle førespurnader. Då kan du sende e-post
  • du skal søke om helse- og omsorgstenester, då desse søknadane skal behandlast i eige fagsystem.

Nyttig å informasjon når du fyller ut skjema

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar eller om du representerar ei verksemd
  • Obligatoriske felt er merka med *
  • Gje god omtale av kva sendinga gjeld i tittel. Har du saksnummer frå Gulen kommune, skriv dette inn saman med tittel på innsendinga
  • Din kommentar blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga
  • Vurder om sendinga inneheld personsensitive opplysningar
  • Last opp naudsynte vedlegg
  • Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga

Vi gjer merksam på at inngåande post til Gulen kommune, uansett sendemåte, blir publisert på kommunen si nettside i samsvar med offentleglova.