Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Gulen frivilligsentrallogo_lokal_grønn_word_rgb

Sentralen koordinerar frivillig innsats og formidlar kontakt mellom menneske, lag og organisasjonar på tvers av fagområder i lokalsamfunnet. Nokon treng hjelp, andre ynskjer å hjelpe og mange vil delta. Det frivillige arbeidet skal vere lagt opp etter arbeidet den frivillige ynskjer å utføre.

Vi held til i kommunehuset.

Dagleg leiar er Vivian Våge, og sentralen er plassert under eining helse i orgaisasjonskartet.

Kristin Kvamme Rasch er frivilligkoordinator.
 

Gulen friviligsentral skal ivareta alle, men har nokre hovudpunkt som satsingsområder:

  • Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar for å fremje folkehelse
  • Mental helse
  • Ung kultur møtes
  • Den kulturelle spaserstokken
  • Stimulere til frivillig innsats inn i eldreomsorg, integreringsarbeid, og anna.
     

Gulen frivilligsentral har som mål å:

  • Synleggjere sentralen som ein viktig ressurs
  • Utvikle møteplassar
  • Koordinere og informere i høve aktivitetar og arrangement
  • Stimulere til nye aktivitetar i samarbeid med andre

«Ingen idè er for liten, ingen idè er for stor»
 

Ta kontakt på tlf. 57 78 20 66 / 57 78 20 73 eller mobil 90 10 41 39 (Kristin Kvamme-Rasch) eller epost: vivian.vage@gulen.kommune.no eller kristin.kvamme.rasch@gulen.kommune.no dersom du ynskjer å komme i kontakt med frivilligsentralen.

Frivilligsentralen

Frivilligsentralen treng sjåførar

I forbinding med oppstart av dagtilbod for personar med demens har vi brukarar som skal ha transport til og frå dagsenteret (som er lokalisert på gamlestova på Gulen Sjukeheim). Dagsenteret startar opp iløpet av september, og brukarane skal vere der frå klokka 10:00 – 15:00 to dagar i veka.

Ynskjer du å vere frivillig?

Gulen Frivilligsentral treng deg som ynskjer å vere frivillig

Har du litt tid du ynskjer bruke saman med andre?

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German