Verpetuppen

Gå grusvegen frå Tingveggen på Gulatingstaden og til badevika ved Verpeholmen. Eivindvik idrettslag har sett opp ei postkasse med trimbok på 2 poeng for alle dei små.

Vil barn og vaksne elles hente poeng ved Tingstaden, må dei ta turen til Guløytoppen, ei litt meir krevjande løype. Mange små (0-5 år) greier å gå denne turen også.

Hundremeterskogen

Gå frå Krossteigen ved kommunehuset, opp bakken til Prestegardsstien. Følg denne løypa langs steingarden, ta av til uteleikeplassen. Følg stien gjennom skogen. På toppen av bakken står postkassa med trimbok på 1 poeng for alle dei små.

Vil barn og vaksne elles hente poeng, er det rikeleg med rydda løype i dette området.