Byggesaksavdelinga har eit stort etterslep som vi jobbar med å få korta ned. Sakene som har kome inn i haust/vinter og som kjem inn framover vil difor kunne ta noko lenger tid enn normalt. Vi jobbar med å få korta ned sakshandsamingstida og vi beklagar verkeleg at så mange har venta lenge på si sak. Vi håpar og ber om at de har tolmod med oss ei stund til.