Kriterier som må vere tilstades for å besøke bebuarar på Gulen sjukeheim:

  1. Besøket må avtalast til eitt gitt tidspkt på førehand. "Bestille" tid; innan tilpassa tider for dei ulike avdelingar:
    1. Langtidsavdeling: 57781600 / 45871551
    2. Demensavdeling: 57781600 / 45871556
  2. Pasient/bebuar og besøkande er frisk; ingen symptom på covid 19 (feber, hoste, sår hals, tung pust, rennande nase).
  3. Besøkande har ikkje vore på utanlandsreise dei siste 10 dager eller venter på prøvesvar etter covid 19 test.
  4. Bebuarar som er fullvaksinerte kan ha 3-4 nære personer han/ho kan klemme. Dette skal være dei same personene over tid.
  5. Forøvrig gjeld nasjonale retningslinjer med avstand og god handhygiene (sjå fhi.no).
  6. Besøkende må melde til Gulen sjukeheim, hvis de i etterkant av besøk får symptom som kan vere forenelig med Covid 19.

Besøksalternativ

  • Ute: Besøket bør så langt som råd gjennomførast ute. Besøkande kan trille bebuar på tur i rullestol, men må unngå direkte nærkontakt dersom bebuar ikkje er fullvaksinert.
  • "Besøksrom": På gamlestova eller i vestibylen. Maks 4 besøkande og i eit begrensa tidsrom (1 time) for at andre også skal ha mulighet til å benytte dette besøksalternativet. Husk å oppretthalde gjeldande avstand. Bruke inngangen direkte frå veranda.
  • På bebuarrom: Kun aktuelt om bebuar er fullvaksinert. Max 2 besøkande og i eit begrensa tidsrom (ca 1 time).
  • Bilkøyring; Bebuar kan vere med på biltur med ein besøkande. Fleire dersom alle er fullvaksinert. Dersom bebuar ikkje er vaksinert må sjåfør bruke munnbind.
  • Permisjon: Unngå å eksponere bebuar for unødig mange nærkontakter pga foreløpig usikkerhet ifh til smitte, til tross for vaksinering.

Gjennomføring av besøket

  • Du/de må ringe avdelinga når du/de ankjem; telefonnr. står på døra
  • Du/de vert fulgt til avtalt besøksalternativ og evt fulgt til utgangen når du/de går
  • Under besøket:
    • Både du/de og bebuar må gjennomføre håndvask/desinfeksjon av hender.
    • Besøkande til bebuar som ikkje er fullvaskinert får utdelt munnbind (kan takast av ved evt servering)
    • Du/de må registrere namn og telefonnr.; i tilfelle smittesporing i etterkant.
    • Husk avstandskriterier både til andre bebuarar og personalet, 1-2 meter
    • Gåver e.l. til bebuar må leverast til personalet ved ankomst. Dette gjeldt også medbrakt kjeks/kake/frukt osv. Personalet syter for trygg overbringing til bebuar.
    • Dersom du/de lyt nytte toalett under besøket; må du/de ringe på (telefon eller alarmknapp) til avdelinga og bli fulgt eller rettleia til aktuelt besøkstoalett.
  • Håndvask/hånddesinfeksjon både hjå pasient/bebuar og alle besøkande etter endt besøk.
  • Vi lyt gjennomføre vask av alle kontaktflater etter kvart besøk, så fint om de ikkje berører flater eller ting unødig.


TA EVT KONTAKT MED SJUKEHEIMEN FOR YTTERLIGARE INFORMASJON OM NØDVENDIG.