Adresser som er omfatta av avtalen med Telenor frå august i fjor om fiberutbygging, kan no tinge fiberbreiband via nettsida til Telenor.

Utbygginga omfattar fastbuande og næringsdrivande i desse områda: Grima, Brimnes, Randal, Vassvika-Skjerjehamn, Li, Hisarøyna, Mjåneset, Dingja, Fallebø-Vatne, Brossvika, Setenes-Glenja, Høyvika-Grinde, Glossvika-Omdal, Hantveit, Austgulen, Breidvika-Takle, Yndesdalen-Verkland, Instefjord og Kringla.

I tillegg til nettsal er planen at feltseljarar dei fyrste vekene av februar skal ta kontakt med dei aktuelle kundane i alle områda. Opplegget rundt dette salet vil vere koronatrygt; seljarane skal ha vore i lokal karantene og avlagt negativ test før dei kjem til Gulen, og dei skal bruke munnbind og halde minst 2 m avstand i kontakt med folk. Avtalesignering skjer via sms.

Det kan vere aktuelt å halde eit folkemøte på Dalsøyra om prosjektet når koronarestriksjonane er lempa på, men førebels er ikkje eit slikt arrangement i samsvar med koronarestriksjonane.

Utbygging av fiberbreiband er ei nasjonal satsing, og det ligg mykje offentleg støtte i det nye prosjektet. Utbygginga startar i vår, og etter planen skal alle nye kundar vere tilkopla i løpet av året.