Brekke har vore i finalen ein gong tidlegare, men for Dalsøyra var dette fyrste gongen. Tiande klasse på begge skular reiste til Førde, og gjorde ein fin figur i kampen om finalebillett til Oslo. Brekke fekk 8 poeng, medan Dalsøyra fekk 11 poeng av 12 mogelege. Dette resulterte i at Dalsøyra, saman med Stadlandet skule vann, og er kvalifisert til landsfinalen i Oslo.

Finalen vart filma, og ligg på NRK Vestland: https://www.nrk.no/vestland/klassequizen-i-sogn-og-fjordane-1.15159654

For meir informasjon sjå heimesida til Dalsøyra barnehage og skule: https://www.dalsoyra.skule.no/