Med store utbrot og muterte virus i nærliggande kommunar er det særs viktig at vi er førebudde og gjer det vi kan. Gulen kommune er ikkje inkludert i dei nye stramme nasjonale tiltaka som gjeld for Bergen og andre kommunar i bu- og arbeidsregionen frå søndag 7. februar klokka 18.00. Alle innbyggarane må likevel ta førehandsreglar;

Alle unødvendige reiser inn og ut av kommunen vert frårådd. Nødvendige arbeids- og pasientreiser er unnateke.

Heimekontor bør nyttast der det er mogleg.

Utover dette gjeld nasjonale retningsliner. Trykk her for å halde deg oppdatert.