Gulen kommune har fått tildelt 250.000 kroner i tilskot frå staten for å sikre stønad til lokale verksemder som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Bak dette ligg det til dømes

  • Kompensere kostnadar som følgje av smitteverntiltak.
  • Tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.
  • Stønad til reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane.
  • Andre verksemder som av ulike årsaker fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Selskap som har stor omsetnadssvikt i 2021
    • Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet.
    • Autoristert besøkssentre for natur og verdsarv.

Gulen kommune oppfordrar kriseråka verksemder i kommunen til å søkje.

Det er fatta vedtak av formannskapet at det er dei same vilkåra som gjeld innanfor denne ordninga, som for den tidlegare kompensasjonsordninga for kriseråka verksemder i Gulen kommune som gjekk ut i Februar 2021 (K-sak 079/20).

Kriteriane er:

  • Forretningsadresse og verksemd i Gulen kommune
  • Ordninga gjeld stønad til å dekkje faste kostnadar.
  • Verksemda må ha eit inntektstap på meir enn 30%.

Inntektstapet skal sannsynleggjerast med samanlikningar frå same periode tidlegare år. Perioderekneskap må leggjast ved søknaden og grunngjevast mot samanliknande tal for føregåande år. For selskap etablert etter 01.04.19 må inntektstap bli grunngjeve gjennom budsjett, og gjennomsnitt inntekter januar – mars.

  • Inntektstap må ha samanheng med samfunnsendringar som skuldast koronasituasjonen. Formannskapet kan gje meir detaljerte reguleringar om kva type verksemder som fell inn under ordninga.
  • Verksemda må ha framtidsutsikter på kort og lang sikt. Verksemda må difor legge fram plan for korleis verksemda ser føre seg å komme attende til normal drift.
  • Verksemda fell utanfor andre kompensasjonsordningar. Andre ordningar skal vere forsøkt fyrst, søkjar pliktar å opplyse om dette i søknaden.
  • Ordninga fylgjer elles vilkår i nasjonal ordning for å kunne søkje stønad.
    • Verksemda må vere skattepliktig til Noreg
    • Vere registrert før 01.03.2020
    • Ha tilsette, dersom verksemda er organisert som ENK eller ANS/DA må hovudinntekt vere frå verksemda.
    • Ikkje vere konkurs, insolvent, eller under avvikling.
    • Ikkje ha verksemd innan næringar som ikkje er omfatta av kompensasjonsordninga.
    • Ha betalt og oppfylt rapporteringsplikta.

Tilskotet vil bli rekna ut frå omsetningsfall i % x faste kostnader.

Ber om at verksemder som har (hatt) kostnadar som følgje av smitteverntiltak spesifiserar desse. Det vert også oppfordra til å synleggjere andre utgifter / tap som følgje av pandemien.

Dersom det ikkje ligg føre ei stadfesting frå rekneskapsførar / revisor, vil stønaden verte avkorta.

Skulle di verksemd vere sterkt råka av smitteverntiltak,  utan at de kan dokumentere omsetningssvikt som skissert, kan de likevel søkje om støtte. Verksemda må i slike tilfeller begrunne søknaden særleg, med dokumentasjon av kostnadar til smittverntiltak og tap kvar for seg. Saka vil då bli forelagt formannsskapet, som vil vurdere om de nytter sin fullmakt til å spesifisere nærmare kva type verksemder som fell inn under ordningen. Ved denne vurderinga vil dei vurdere det opp mot dei kriteriar som tilskotet til kommunen bygger på,  opp mot det totale tal på søknadar.

Formannskapet er fondstyre og avgjer søknadar til ordninga.

Komande formannskapsmøter:

  • 8. april
  • 29. april
  • 3. juni

Kompensasjonsordninga vil vere gjeldande frå 1. mars 2021 til 1. september 2021, eller til tilskotet på 250.000 kroner er brukt opp (før 1. september).