Institutt for biovitskap ved Universitet i Bergen har eit forskingsprosjekt der dei studerer samspelet mellom menneske og natur relatert til berekraftig utvikling i Nordhordland biosfæreområde. I denne samanhengen gjennomfører dei ei spørjeundersøking for å forstå korleis naturen gagnar mennesket i Nordhordland. Dei er òg interesserte i å læra meir om forvaltninga av naturgode i området og menneskelege interaksjonar i denne samanhengen.

Det vert held et arrangement i Gulen folkebibliotek, Eivindvik: Torsdag 5.mars kl 16-18 for å få veiledning og meir informasjon om biosfæreområdet og prosjektet for øvrig.

Arrangørane håper så mange som mogleg møter opp på arrangementet for å bidra til ei berekraftig framtid for Nordhordland. Ingen påmelding er nødvendig.

Lenke til spørjeundersøking er https://app.maptionnaire.com/nb/6998/ og undersøkinga kan besvarast når og kor det passer en.