Status smitte

Status er framleis at me har ingen kjende stadfesta smitta. Me oppmodar alle om å halde fokus på gode smittevernrutinar i tida som kjem.

Test ved mistanke

Alle med mistanke om Covid19 kan teste seg ved Eivindvik legekontor. Det kan vere mistanke om Covid19 ved symptom på akutt øvre luftvegsinfeksjon med feber, hoste og tung pust. Symptoma må ha vart i minst to døgn før prøvetaking.
For prøvetaking – kontakt Eivindvik legekontor tlf. 57 78 10 90 måndag – fredag frå kl. 08.00 – 15.30.

Opningstider i barnehagar

Folkehelseinstituttet har laga ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå som viser kva smitteverntiltak barnehagar og skuler skal følge. Det er den generelle smittesituasjonen i Noreg som avgjer nivået som skal følgast.

Smittevernsituasjonen for barnehagar er pr i dag definert på gult nivå. Det inneber at me ikkje kan legge opp til normal drift i barnehagane framover. Det er no i ettermiddag komme ny smittevernrettleiar for drift av barnehagar. Barnehagane må lage nye driftsplanar som tek omsyn til restriksjonar i ny smittevernrettleiar. Det må vurderast nivå på både forsterka vaktplan og forsterka reinhald. Barnehagane sine planar må så godkjennast at den kommunale smittevernlegen.

Me har full forståing for at redusert opningstid i barnehagane skapar problem for foreldre i høve arbeidstider. Personell er den knappe faktoren her. Grunna smitteverntiltak i barnehagane har me pr. idag ikkje nok personell (faste tilsette eller tilkallingsvikarar) til å kunne ha full opningstid.

Når me ikkje har nok personell så må omsynet til smittevern gå føre omsynet til behovet for full opningstid. Barnehagar vil difor inntil vidare ha 7,5 t. opningstid. Opptrapping av opningstid fram mot full opningstid skjer så snart det er forsvarleg. 

Pårørandebesøk Gulen sjukeheim

Det er no opna opp for besøk på sjukeheimen. Grunna smitteverntiltak må det vere ein del restriksjonar knytta til gjennomføring av besøk. Restriksjonane er utarbeida på grunnlag av nasjonal rettleiar frå Helsedirektoratet.

  • Besøk må avtalast på førehand med institusjonen
  • Alle som kjem på besøk må vere friske
  • Institusjonen har utarbeida eigne retningsliner som må fylgjast under besøket, m.a. må helsepersonell vere tilstades for å sikre at smittevernreglane vert haldne
  • Fellesarealet er framleis kun tigjengeleg for eigne brukarar
  • Besøket skal finne stad ute eller på eige besøksrom
  • Hugs god handhygiene
  • Hugs å hald avstand
  • Grunna eventuell smittesporing i etterkant må alle som kjem på besøk registrere seg med namn og telefonnummer
  • Retningslinenen vil verte evaluerte og tilpassa etter 14 dagar

Me håper at alle vil ha forståing for at me i starten må ha desse reningslinene. Sjølv om det no er lite smitte i samfunnet tilhøyrer dei som bur på institusjonen den mest sårbare gruppa i samfunnet.

Så vil me ynskje deg som pårørande velkomen på besøk, og samstundes takkar me deg for at du har forståing for restriksjonane me no må ha i starten.

Kommunal kriseleiing – KKL

Kommunen har no avslutta organisering med kommunal kriseleiing og jamnlege krisemøter, og går tilbake til meir ordinær driftsmodell. Me er budd på at her kan ting skje fort, så me er klar til å trå til igjen når det trengs!

Einingane våre har vist stor omstillingsevne og har synt seg svært fleksible etterkvart som nye eller endra smitteverntiltak har medført behov for ny organisering.  Me har mange flinke tilsette som står på i ein uvant og meir krevjande kvardag.

Vil ynskje alle ei strålande pinsehelg!

Reidun K. Halland
​Kommunedirektør