Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Koronavaksinasjon

Bilde_kasto80

Gulen kommune har etter råda frå FHI stoppar vaksineringa av AstraZeneca vaksine inntil vidare.

Har du blitt vaksinert og opplever kraftig auka sjukdomsfølelse meir enn i tre dagar etter vaksinasjon eller blå flekker og prikkar i huda (hudbløding) ber me deg om å ta kontakt med legevakt eller fastlege snarast.

FHI og legemiddelverklet har sett i gang analyser for å sjå om det er ein samanheng mellom AstraZeneca vaksine og auka fare for blodpropp.

Me fylgjer FHI sine råd og held dykk oppdatert ut i frå dei nasjonaleråd som til ein kvar tid gjeld.

Trykk her for meir informasjon om når ein skal oppsøke lege - FHI

Status 10.03.2021

  • Me er godt i gang med koronavaksineringa i Gulen kommune. Vaksinane Gulen kommune har motteke foreløpig, er Comirnaty frå Pfizer og vaksina frå AstraZeneca.
  • Dei fleste pasientane på Gulen sjukeheim har fått to dosar med vaksine.
  • Mange i aldersgruppa 85 + har no fått sin andre dose med vaksine.
  • Me har starta vaksineringa av personar i aldersgruppa 75-84 år. Vaksineringa i denne aldersgruppa vil halde fram i februar, mars og april.
  • Me har starta vaksinering av helsepersonell i prioritert rekkefølge.
  • Me har starta vaksineringa av personar med risikofaktorar i aldersgruppa under 65 år. 
  • Er du i aldersgruppa 75-84 år, tar vi fortløpande kontakt.
  • Er du i aldersgruppa 65-74 år, eller pasient med høg risiko for alvorleg forløp vil du motta sms eller du vil bli direkte kontakta når det er din tur.

Informasjon til deg som skal ta koronavaksina

Vi ynskjer at folk kjem så presist som mogeleg og ikkje blir ståande eller sittande å vente verken før eller etter vaksinasjon.
Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema og les informasjonen som ligg ved.

Vaksineringa skjer på fylgjande måte:

  • Registrering. Her leverer du eigneerklæringa som ligg ved og vis identifikasjonsbevis.
  • Vaksinering. Sprøyta med vaksine blir sett i overarmen. Ta på praktiske kle slik at det er lett å få fram overarmen.
  • Observasjon. Me har som rutine at alle som tar vaksine må sitte i 20 minuttar etter vaksinasjonen i tilfelle ein får ein reaksjon etter vaksine.

Du skal ikkje møte til vaksinering om du har luftvegssymptom. Gi då beskjed på telefon 41 46 41 16.
Er du usikker på om du av helsemessige årsaker ikkje bør ta vaksinen eller har medisinske spørsmål ta kontakt med din fastlege på tlf 57 78 10 90
Vaksine som personar med risikofaktorar mellom 18 – 64 år får tilbod om er AstraZeneca. Les meir på; www.fhi.no

Har du andre spørsmål knytt til vaksineringa så ta kontakt med koronavaksinekoordinator på tlf 41 46 41 16.

Mvh

            Anita Pettersen                                                               Linda M. Hantveit

        - Smittevernlege -                                                   - Koronavaksinasjonskoordinator -


Vidare plan for vaksinering

  • Kommunen kallar inn til vaksinering.
  • Du vil får beskjed når det er din tur.
  • Me vaksinera fortløpande etter kvart som me får dosar med vaksine.
  • Det er FHI som bestemmer kor mange dosar me får i veka og me fylgjer nasjonale råd om kven som skal vaksinerast fyrst. Meir informasjon finn ein på fhi.no.

Trykk på artikkelen under for meir utfyllande informasjon om koronavaksineringa og korleis vaksineringa føregår i Gulen. Informasjonen vert oppdatert fortløpande.

Vaksine-Svindel

Det er ikkje usannsynleg at svindlarar vil utnytte moglegheitane no når innbyggjarane ventar på å bli kontakta i samband med koronavaksinasjonen.
Kommunen har gått ut med «du vil bli kontakta når det er din tur for vaksine». Dette kan vere lett for ein svindlarar å misbruke.

Svindlarane sine metodar vil variere

  • Ulike kommunikasjonsformer: Telefonoppringing, tekstmeldingar, epost, meldingar via sosiale mediar.
  • Tilbod om tidleg vaksinasjon mot førhandsbetaling og eigenandel.
  • ​​Lure til seg bankkontonummer, kredittkortnummer og liknande.

Merk: Det vil aldri bli etterspurt førehandsbetaling eller kortopplysningar frå kommunen. Både vaksina og vaksinasjonen er gratis.

Heimesida til Gulen kommune har oppdatert informasjon om kva aldersgruppe som er aktuell for den pågåande vaksinasjonen.

Bilde_kasto80

Koronavaksinering i Gulen kommune

Gulen kommune er godt i gang med å vaksinere sine innbyggjarar mot koronavirus. Her vil du vidare finne meir informasjon om korleis vaksineringa vil skje framover.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German