Når er det min tur?

Alle innbyggjarar, utanom dei under 18 år og dei som er gravide, vil få tilbod om vaksine.

Kommunen kontaktar deg når det er din tur i vaksinekøen.

Det er vanskeleg å seie eksakt når det blir din tur fordi det kjem ann på kor mange vaksiner me får tildelt kvar veke. Vi håper at alle som ynskjer å ta vaksine i Gulen er vaksinert før sommaren, men det er vanskeleg å seie heilt sikkert. Gulen kommune følger FHI sine råd om kven som skal få vaksine fyrst.
Les meir om rekkefølgja her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Når det er min tur å ta vaksine og kvar skal eg møte?

Du får beskjed frå kommunen når det er din tur til å bli vaksinert.

Det vil skje via brev eller SMS.

  • Aldersgruppa 85 + ;
    Me vil i løpet av fyrste veka i februar vere ferdig med å vaksinere denne aldersgruppa. Dei som av ulike årsaker ikkje har kunne møtt til vaksinering vil fortløpande bli kontakta pr telefon i forhold til ny avtale for vaksinasjonstidspunkt og stad.
     
  • Aldersgruppa 75- 85 år;
    Me har alt kartlagt kven som ynskjer vaksine i denne aldersgruppa og vil i løpet av fyrste veka i februar starte vaksineringa. Ein vil fortløpande sende ut informasjon i posten. Vaksinasjonen vil hovudsakeleg skje på Gulen helsesenter i Eivindvik eller på utekontora i Brekke eller Byrknesøy.
     
  • Aldersgruppa 65 + og risikopasientar;
    Her vil me bruke ei digital løysing og sende ut ei kartlegging av kven som ynskjer vaksine. Vidare vil du få informasjonsbrev og tidspunkt for vaksinering digitalt. Vaksinasjon av denne aldersgruppa vil hovudsakeleg skje ved Dalsøyra samfunnshus eller ved Gulen helsesenter i Eivindvik.

Digital påmelding for yngre aldersgrupper vil bli nytta vidare når det blir deira tur. Massevaksinasjon i kommunen vil skje på Dalsøyra.

Hugs; - Du vil alltid få beskjed når det er din tur.

Kor mange dosar med vaksine får Gulen?

Det er Folkehelseinstituttet (FHI) som avgjer kor mange vaksiner me får kvar veke. Me brukar vaksinane fortløpande etter kvart som me får dei.

Det variera frå veke til veke kor mange dosar me får.

Kva må eg gjere før eg vaksinera meg?

Når du har fått time for vaksinering må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. Dette tar du med deg på vaksinasjonsdagen.
Alle over 75 år vil få tilsendt dette i posten med informasjonsbrev.
Dei under 75 år må laste ned skjemaet frå FHI sine nettsider: 
https://www.fhi.no/publ/skjema/egenerklaringsskjema-for-koronavaksinasjon/ og printar det ut og tar det med seg.

Vis du ikkje har moglegheit til å printe det ut sjølv kan du få det på kommunehuset, på helsesenteret eller du kan få det tilsendt i posten.

Du må ta med identifikasjonsbevis når du skal vaksinere deg.

Du skal ikkje møte til vaksinering om du har luftvegssymptom. Gi då beskjed på telefon; 57 78 10 90.

Vis du brukar blodfortynnande medisinar (Marevan, Warfarin, Lixiana, Eliquis, Xarelto eller Pradaxa), så skal du ikkje ta den medisinen før vaksinering. Du kan ta den etter vaksineringa.

Er du usikker på om du av helsemessige årsaker ikkje bør ta vaksinen, bør du ta kontakt med fastlegen din å få ei vurdering.

NB! Gi alltid beskjed om du ikkje kan møte, for då kan andre få din plass i vaksinasjonskøen! Meld i frå på 57 78 10 90.

Meir informasjon om vaksineringa og vaksina finn du FHI sine nettsider:

Kva skjer når eg kjem til vaksinasjon?

Kom til rett tidspunkt.

Vi ynskjer at folk kjem så presist som mogeleg til klokkeslettet dei har fått, og ikkje blir ståande eller sittande å vente.
Ved vaksinasjon på Dalsøyra samfunnshus vil ein nytte tre inngangar og alle vil vere godt merka.

Ta på munnbind, og dette skal vere på frå du kjem til du går.
Sprit hendene ved inngangen når du kjem.  

Vaksineringa skjer vidare ved;

1. Registrering. Her leverer du eigneerklæringa og vis fram identifikasjonsbevis.

2. Vaksinering. Sprøyta med vaksine blir sett i overarmen. Ta på praktiske kle slik at det er lett å få fram overarmen.

3. Observasjon. Du må sitte i 20 minuttar etter vaksinasjonen i tilfelle du får ein reaksjon etter vaksina.

Eg har ikkje bil eller nokon til å køyre meg, korleis kjem eg meg til vaksinasjon?

I utgangspunktet må du prøve å kome deg til avtalt vaksinasjonsplass sjølv. Du kan for eksempel bruke dør til dør-kort, drosje, venner, familie eller naboar. Har du inga løysing på det så hjelper me dei innbyggjarane som trenger det. Ta då kontakt på tlf; 57 78 10 90.

Kostar vaksina noko?

Nei, både vaksina og vaksinasjonen er gratis. 

Må eg ta vaksina?

Vaksina er frivillig.
Me anbefaler at du gjer det, men du er ikkje pålagt å vaksinere deg.

Korleis blir vaksina registrert?

For alle våre innbyggarar vil det blir dokumentert i legejournal om ein ynskjer å ta vaksine eller ikkje.
Alle vaksiner blir registrert i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK, https://www.fhi.no/hn/helseregistre-og-registre/sysvak/

Du vil finne oversikt over dine vaksiner på https://www.helsenorge.no/

Kva koronavaksine nyttar ein og kor godt verkar koronavaksina?

Gulen kommune i fyrste omgang fått tildelt er koronavaksine fra BioNTech og Pfizer (Comirnaty).
Denne vaksina krever to doser, med minst 21 dager tidsintervall mellom.
Dei fleste får beskyttelse på ca 95% etter 1-2 veker etter andre vaksinedose.

For meir informasjon om koronavaksine på ulike språk: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus---comirnaty-biontech-og-pfizer/

Gir koronavaksina bivirkningar?

Alle vaksiner har bivirkningar, dei fleste er milde og forbigåande. Vaksina er testa i store studiar på mange tusen menneske.

Vanlege bivirkningar er:

  • Ømheit og vondt på stikkstaden.
  • Trøttheit.
  • Hovudverk.
  • Vondt i kroppen.
  • Frysningar / feber

Dette er bivirkningar som er ubehagelege, men som går over etter få dagar. Kontakt lege eller anna helsepersonell vis du får uvanlege, kraftige eller langvarige symptom etter vaksine.

Kven kan eg kontakte viss eg har spørsmål eller ynskjer meir informasjon?

  • Ta kontakt med smittevernlege Anita Pettersen eller fastlege angåande medisinske spørsmål på tlf 57 78 10 90
  • Ta kontakt med koronavaksinekoordinator Linda Hantveit viss ein har andre spørsmål rundt vaksineringa på tlf 41 46 41 16
  • Nytt elles Folkehelseinstituttet sine nettsider; https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/