Vi har bl.a. masse gamle stølar som skal med i plandokumentet.

Nokre av desse er flotte kulturmiljø med godt vedlikeheldne, gamle stølshus, i urørt landskap. Nokre har berre grunnmurane att -  desse kan også vere flotte. Mange har også nyare stølshus, kanskje reine fritidshytter, mellom eldre hus til nedfalls og murar. Me skulle gjerne ha hatt døme på litt av kvart.

Dei postane på kartet merka med asterisk*, er postar der vi er i tvil om noko framleis er synleg - desse kjem nedst på prioriteringslista for foto. Men har du så send😊

Instruksar for foto: gjerne fleire foto, gjerne oversynsfoto av stølsvollen, helst utan folk.

Her er kart der de ser stølande merka med raudt.
Trykk her for kart 1 (png)
Trykk her for kart 2 (png)

Har du foto av nyare dato av nokon av desse er det fint om du sender til vivian.vage@gulen.kommune.no snarast mogeleg. Om du ikkje har bileter men tenkjer du kan ta deg ein tur og ta nokre blir me veldig glad for hjelp. Planen blir kjekkare viss vi klarer ha foto av registreringane.

Frist: 20 oktober.

På førehand tusen takk for evt hjelp😊