Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Næringsutvikling

 

Kommunalt næringsfond som følgje av Covid-19 – midlane er fordelte

Gulen kommune fekk ei særskild tildeling på kr 422 816 til næringsutviklingstiltak gjennom krisepakke 3. Midlane skulle fordelast til nye tiltak som ville fremje auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial, og som ville kunne motverke negative verknader av covid-19-utbrotet og startast opp raskt.

 

Bente Semmingsen Fivelsdal

UNESCO kandidatstatus til Nordhordland

Nasjonal støtte til biosfæreprosjektet i Nordhordland

Det er med stor glede vi kan fortelje at Nordhordland no har fått offisiell status som Norge sin første kandidat til å bli eit UNESCO biosfæreområde!
Den norske MAB-komité har no gitt sin støtte til arbeidet med å gjere Nordhordland til Norge sitt første biosfæreområde. Dermed er det gitt klarsignal til vidare arbeid både med hovud søknaden som skal gå til UNESCO og til dei aktivitetane som alt er satt i gang.

Det kommunale næringsfondet

Det kommunale næringsfondet skal nyttast til å fremje etablering av ny verksemd og til utvikling av næringslivet. Fondet kan og nyttast til infrastrukturtiltak, utviklingsretta fellessatsingar og tiltaksarbeid.
Godt gjennomarbeidde søknader oppnår det raskaste og beste resultatet. Søknaden skal leverast elektronisk på nettsida www.regionalforvaltning.no

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German