Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Oppmåling

Delingssøknad

Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt og oppretta som ein eigen eigedom (matrikkeleining) med eige matrikkelnummer; dvs. eige gardsnummer og bruksnummer. Den nye eigedomen registrerast i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregister og eigedomskart). Føringar kring deling av eigedom finn ein mellom anna i plan- og bygningslova § 26-1 og Matrikkellova. Sentrale tema for frådeling av ny byggjetomt er veg-, vass- og avlaupsløysingar.

Grensejustering

For å rette opp ulagelige grenser mellom eigendomar kan ein få utført ei grensejustering. Ei grensejustering vil seie at det kan overførast mindre område mellom to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) som har felles grense.

Arealoverføring

Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German