Hovudføremålet med planarbeidet er å legge til rette for eit nytt bustadfelt med tilhøyrande infrastruktur på gbnr. 131/21 og 130/2, nordvest for kommunal veg «Ortneset». Ny bebyggelse er tenkt som eine- og/eller fleirmannsbustader. Det er eit mål i planarbeidet å betre ålmentas tilgjenge til strandsona i Bruhamna og det blir vurdert å legge til rette for naust og båtplassar. Kommunal veg blir vurdert utbetra. Enkelte uregulerte områder er teke med i planen for å få dei regulert i hovudsak lik eksisterande situasjon.

Planarbeidet er vurdert å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrift om konsekvensutgreiingar, då tiltaka planarbeidet legg til rette for i hovudsak er i samsvar med kommuneplanen.

Asplan Viak AS gjennomfører planarbeidet på vegne av Gulen kommune.

Innspel og merknader til planarbeidet kan sendast skriftleg eller elektronisk til Asplan Viak AS v/Hilde Helene Bjørnstad innan 27.11.2020.

Alle mottekne innspel vil bli oppsummert, kommentert og handsama i samråd med Gulen kommune.

Asplan Viak AS

Sognefjordvegen 40

6863 Leikanger

Tlf: 976 93 540

Hilde.bjornstad@asplanviak.no