Retningsliner for personvern
Nedunder finn du informasjon om retningsliner kommunen må fylgje i si forvaltning av personopplysningar.
Nedunder finn du informasjon om retningsliner kommunen må fylgje i si forvaltning av personopplysningar.
«Den registrerte» er ein som har personinformasjon som er samla inn og ligg lagra i kommunen sine informasjonssystem. Den registrerte har fleire lovbaserte rettar, knytt til innsamling, bruk og lagring av informasjonen.
All bruk av personopplysningar i kommunen skal ha heimel og føremål.
Heimel for bruk av personinformasjon skal vere gitt i dei lover og føresegner som gjeld for den tenesta som nyttar personopplysningane.
Kommunane tek initiativ til og gjennomfører mange ulike tiltak for å trygge personvernet for den einskilde. Nokre av tiltaka vert gjennomførte av datahandsamarar på vegne av kommunen, i tråd med inngåtte avtalar.