Det er 11 ruter som vert køyrde. Slik sett vil dei fleste grender i kommunen vere dekka. Køyrerutene går stort sett langs offentleg veg. I nokre tilfeller er det naudsynt å køyre på private vegar og kanskje inn på tunet til nokre av gardane for å komme til teigen. Dei som utfører teljinga har sterke lykter og skal lyse ut over bøane dei køyrer langs for å registrere dei hjortane som går der.

Teljingane vil skje laurdag 14.03.20, laurdag 28.03.20 og laurdag 18.04.20. Om teljekorpset vurderer at fredags kveld høver betre, kan teljingane skje då.  Teljinga startar kl. 23 om kvelden og kan vare til kl. 02:00

Viltansvarleg Halvor L. Brosvik